Alle kategorier
    Filtre
    Preferences
    Søk
    Forfatter: Anna Gavalda

    For ope hjarte

    269,-
    235,-
     
    Format : e-bok
    EAN: 9788252195774


    E-bok. Ingen angrerett. E-bøker overføres automatisk til Norlis app for iPhone/iPad og PocketBook-lesebrett med Norli-versjon. Android: Logg inn på Mine e-bøker og åpne e-bøker i foretrukket app for e-bøker.

    Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske. Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske? Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017. Omsett frå fransk av Tove Bakke.

    Detaljer
    TRYKKET2019
    FORLAGSamlaget
    SpråkNynorsk
    ISBN139788252195774
    TemaModerne litteratur
    TemaOversatt skjønnlitteratur