Alle kategorier
    Filtre
    Preferences
    Søk

    Å bera nakne nyklar

    279,-
    244,-
     
    Format : e-bok
    EAN: 9788241919077


    E-bok. Ingen angrerett. E-bøker overføres automatisk til Norlis app for iPhone/iPad og PocketBook-lesebrett med Norli-versjon. Android: Logg inn på Mine e-bøker og åpne e-bøker i foretrukket app for e-bøker.

    I Å bera nakne nyklar skriv Per Helge Genberg sanseleg oglyrisk om livet på garden. Det er ei livshistorie, slektshistorie og ein liten bit av noregshistoria, som mange vil kjenne seg igjen i. I denne lyriske, sjølvbiografiske forteljinga vever Genberg saman guten sine opplevingar med den vaksne mannen si tolking av stad, hendingar og slektningar. Guten og familien hans er bundne til garden, til landskapet, til slekta, til sauene. Boka handlar om desse banda, på godt og vondt. Livet og garden vert skildra som ei vakker gåve, og ei krevjande plikt. Men boka er òg ei forteljing om den etterlengta kjærleiken mannen får oppleve i vaksen alder. Og om kjærleiken til litteraturen, som går og som ein raud tråd gjennom familien, men som vert forløyst med eg-personen i tekstane. Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte med boka Finna kyrkjedøra i meg i 2018. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.

    Detaljer
    TRYKKET2019
    FORLAGVigmostad Bjørke
    SpråkNynorsk
    ISBN139788241919077
    TemaModerne litteratur